Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


God jul!

Luke 24

Me er komen til vegs ende på julekalenderen for i år. Eg håpar den har falt i smak hjå mine lesarar, og særleg dei som er ekstra interesert i typografi. Det er på tide å ynskja god jul!

Eg må ærleg innrømme at eg var usikker på kva eg skulle putte i luka på julaftan. Ideelt sett skulle eg ha publisert ei ny skrift til deg her på kalenderen i år, men tida, den tida… Det eg derimot kan avsløre er at eg det neste året vil arbeide på ekisterande skrifter og prøve å gjere dei om til såkalla Pro-utgåver. Utan å love noko sjølvsagt. Eg skal i alle fall gjere eit heidundrande forsøk!

Men, over til noko heilt anna. Det er jo julaftan i dag, så det er vel siste frist for å sjå på julekort og julehelsingar. Her følgjer nokre typografiske eksempler på korleis enn kan gjere det, etter nokre kjappe søk på nettet:

Siste eksempel er eit fikst julekort frå bilprodusenten Volkswagen. Det er kanskje ikkje fullt så typografisk, men sidan det er bokstavane i logoen som gjer kortet, er tek eg det med likevel. Artig løyst!

Trommevirvel…

Eg rundar av med vårt eige kort som i år, som i fjor, er raska saman på eit par timar. Det som no står att er å ynskje god jul til alle mine lesarar!

Summary in english:

Merry Christmas!

I wanna wish you all a very Merry Christmas with a little selection of extra typographic christmas cards.


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional