The Julekalender

Lær det kniping, eller kjøp ei t-skjorte.

Ja, det er den tida på året att, då eg skal vere skikkeleg aktiv i 24 dagar til ende, og gi deg ein juleka­lendar! I år som i fjor falt valet på emnet typografi. Men det er jo heilt greit, er det ikkje?

I år hadde eg faktisk store utford­ringar når det gjaldt å finne ut kva eg skulle ha i juleka­len­deren til mine lesarar. Ikkje fordi eg ikkje hadde snøring på kva emne eg skulle leggje meg på, for det var det nok av. Valet stod faktisk mellom ein kalender med typografi, design (både grafisk og til nett) og ein følgjetong med infor­masjon om korleis ein kan lage ein komplett nettstad — frå idé og skisse til ferdig inter­aktiv side. Sistnemnte har eg faktisk skrive såpass mykje på at den kjem rett utpå nyåret. Ein liten teaser der altså...

Jaha, pompøs innleiing, men kvar er kalen­deren?

Som sagt er årets emne typografi. Dette er noko eg er over gjennom­snittet inter­essert i, noko bloggen min ber preg av, og då vert det vanskeleg å velje noko noko anna. Eg kan nemne at det er stoff som omhandlar skrift generelt, kjekke fakta, artiklar, appli­ka­sjonar og eit lass med gratis skrift­snitt.

Nok svada! Kvar er dagens luke?

Vel, den er rett he. Dette er luke 1. Ein relativt stor, pompøs og irrite­rande teaser på kva som kjem frå og med i morgon.