Internet Explorer på Mac

Det er ein ufyseleg tanke, men enkelte gongar er ein nødt til å skuffle møkk. Det er faktisk meir enn ein måte å få dette til på, men ikkje alle er like enkle og økonomiske. Du kan alltids nytte Parallells, VMWare og Boot Camp, men desse krever som regel at du har ein Windows-versjon liggjande å slengje. Sjølvsagt, om du allereie har desse «pakkane» liggjande på maskina er det nok ein av dei greiaste metodana for å sjekke nettdesignet i.

Nettsideskjermdumpprogramvare

IE NetRenderer og Adobe Browser Lab

Skal du berre sjekke visninga av ei side er det nesten likegreitt å nytte tenester som IE NetRenderer eller Adobe sin BrowserLab. Desse krev ingen installasjon (sett at du har Flash til sistnemnde) og er ein grei og rask metode å sjekke nettsida i Internet Explorer versjon 5.5/6 til 9.

Vinsmaking, anyone?

Skal du derimot sjekke litt meir djuptgåande funksjonar, og ikkje har allverda med økonomiske midlar, finst det eit greit alternativ. Denne krev installasjon og ikkje alle versjonar av nettlesaren lot seg installere like lett.

Slik går du fram for å få Internet Explorer på din Mac:

1. Gå på polet og skaff vin

Last ned WineBottler. Opne .dmg-fila og legg til både Wine og WinBottler i Programmer-mappa di som vist under:

2. Installer Internet Explorer

Programmet kjem med nokre eksisterande «pakkar» som gjer installasjonen til ein leik:

3. Køyr Internet Explorer!

Ja, det skulle vere det.

Mi erfaring

Sidan denne er i beta er det som nemnt ikkje alt som virkar heilt perfekt. IE7 fungerte greit hjå meg (denne var den viktigaste for dette designet), men sleit litt med versjon 8. Versjon 6 er eit sorgens kapittel, så den rørte eg ikkje.

Di erfaring?

Har du andre metodar for å sjekke nettsidene dine? Eg vil gjerne vite om dei!

  • Personlet går eg for Rema 1000 løysinga her – ein gamal laptop! Då får ein testa det «ekta» ekta og får også med på kjøpet om ein har funnet ein skikkelig dårlig laptop worst case scenario for fargegjengivelse og skjermoppløsning.

  • Saknar redigeringsknappen på kommentaren min, var for seint på kvelden til å skriva utan skrivefeil og med leselege setningar.

  • Har såvidt testa ut Browserstack og syns det var eit bra alternativ til skjermdump løysingar. Men det kostar riktignok pengar…

    Ellers har eg Parallels Desktop som eg bruker når eg må få litt meir «følelse» for korleis sida fungerer.

  • @Anders: Sant nok. Har ein gamal laptop heime, men har IE8 på den. Kanskje eg skal få sjefen til å «kjøpe» den til eit godt formål? :)

    Redigeringsknappen kjem når eg får fingen ut og får den på plass… Redigeringsknapp på plass (i alle fall på nye kommentarar)!

    @Lars Eirik: Den har eg faktisk ikkje sett før. Den er jo eit ganske greitt alternativ slik eg ser det!