Knip meg!

Nei, det er ikkje meg du skal knipe, men bokstavar i eit artig lite typografisk spel på nettet. Hent kaffikoppen, det er på tide å spele knipeekspert i Kern Type!

Dette er for folk som har litt tid til overs, eller berre er avhengig av alt som omhandlar typografi.  Mark MacKay er mannen som står bak det interaktive spelet kalla Kern Type. Her skal du prøve å lage til korrekt kerning, basert på ein skriftdesigner sin «fasit». Det kan hjelpe å ha basiskunnskapar om typografi og skrifter, ikkje berre for å spele, men også for å gidde å gjennomføre dei ti «utfordringane». Kerning, eller kniping som det heiter på godt norsk, er ein viktig del av typografien for at teksten skal sjå bra ut og at den vert betre å lese.

Funker ganske greitt på berørings-dippedutt også!

Sidan det er laga med HTML5 er det også mogleg for folk med berørings-dippedutt å spele dette når som helst og overalt. Fiffig!

Woho! 100 av 100!

Eg skal ikkje skryte, men mange av mine svar traff riktig så godt. Totalt sett fekk eg ikkje meir enn 80 av 100 moglege poeng, men føler sjølv at eg har det som skal til for å sjå estestikken i typografien. Flaks!

Prøv det ut sjølv her og sjå kor høg skår du får!

3 Comments

Konkurranse eller ikkje, det var ikkje så verst! Kjekt du stakk innom og kjekt å sjå andre som har blogg på nynorsk :) Greitt om eg legg sida til i lenkjene mine?

Vonar du kjem att opptil fleire gongar, og i alle fall til julekalendaren kjem i desember ;)

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.