Blanke ark og fargestiftar

Me hugsar nok dei fine strekteikningane frå då me var born langt bak i hovudet. Eller, dei var kanskje ikkje akkurat dei vakraste kunstverka, men kor kreativ kan ein vere med enkle strekar? Usikker, då det kanskje ikkje er noko fasit…

På nettstaden Draw a Stickman vert du møtt av eit lite kvitt felt og får beskjed om å teikne ein strekmann. Kva teiknar du? Ein slik du teikna i barnehagen, eller let du hjernen få fritt spelerom og kreerer eit litt meir omfattande kunstverk?

Det har eigentleg ikkje noko å seie, men eg kan love deg at det vert meir underhaldande etterkvart om du startar med noko litt ekstra. Etter du er ferdig med strekmannen din og trykker deg vidare, får du forskjellige oppgåver du skal utføre. Alt ved hjelp av strekteikningar. Enkelt og greit, eller kva? Have fun!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.