Kvifor skvising er ulovleg

Eg har ein del års erfaring innan typografien, men eg skal i dag overlate scenen til Ilene Strizver. Ho har har skrive ein god og forkla­rande artikkel hjå Creative Pro om kvifor det rett og slett er ulovleg, gjerne kriminelt, å skvise eller strekkje skrifta til det groteske. Saman med beint fram enkel grafikk illust­rerar ho poenget.

Kort oppsummert for dei som ikkje vil lese engelsk: Ikkje skvis, knip eller strekk åndsverka!

Som sagt i innleiinga er det ein grunn for at skrifter inneheld fleire snitt til bruk i forskjellige saman­hengar. Søk og du skal oppdage at det er lett å halde seg på den «lovlydige» sida av typografien!

Forøvrig kan du lese meir typogra­fi­re­la­terte og samfunns­nyttige tips på hennar eigen nettstad: The Type Studio.