Sterk film om eit viktig tema

Ein film om eit meir eller mindre usynleg tema.

Eg er førebels berre støttemedlem til Røde Kors, men håpar på at eg ein dag kan ta steget vidare og bidra meir aktivt for å hjelpe min neste.

For ein ting er sikkert: Det er mange der ute som treng hjelp, støtte, eller berre nokon å snakke med. Røde Kors på Island og The Icelandic Mental Health Alliance (Geðhjálp) har fått laga ein film som tek opp eit viktig tema som rammar så altfor mange — og kanskje særleg i desse tider!

Eg skal ikkje fortelje meir. Sjå!

Sjekk ut sida Utmeda for meir informasjon!

Ta godt vare på kvarandre, og ha ei riktig så god jul og ei fin nyttårshelg!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.