Norsk skriftkunst i svart og kvitt

Mot slutten av 2012 var det to karar som skreiv historie i Noreg — meir eller mindre bokstaveleg tala. Folkens, me har nemleg fått, såvidt meg bekjent, Noreg sitt fyrste reindyrka skriftforlag — Monokrom!

Frode Helland og Sindre Bremnes. Foto: Hanna Maria Van Zijp.

Dei to karane er  Sindre Bremnes og Frode Bo Helland (lenkjer til artiklar hjå Grafill). Begge to er ekte nørdar innan typografi, og står for kompetansen i det nye skriftforlaget kalla Monokrom. I følgje pressemeldinga dei sendte ut har dei ein visjon om å løfte nivået på norsk typografi, sidan Noreg er eit u-land når det kjem til kunnskapen og å teikne skrift.

Skriftforlaget vart starta seint i 2012, og såvidt eg veit (og mange andre med meg) er det Noreg sitt fyrste skriftforlag. Dei skapar altså litt noregshistorie her altså.

– Hallo? Hei!

Monokrom - Telefon

Monokrom har spesialisert seg på skrifter til bruk på nett og andre digitale media, men skapar også skrifttypar etter bestilling. Ei av skriftene eg beit meg merke i var skrifttypen Telefon. Den er basert på, ja akkurat, dei gamle norske telefonkioskane som du ringde heim til ho mor — eller ho du var hemmeleg forelska i…

Besøk nettstaden deira her.

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.