Kva med ein festival i mørket?

For tred­je året på rad finn musikkfes­ti­valen Øyo stad på HSH her på Stord 26. feb­ru­ar. Denne fes­ti­valen må fort­satt ikkje forvek­slast med ein viss annan fes­ti­val på aut­slan­det, noko som burde vore lett med tanke på at Øyo held til inne i ein skule­bygn­ing og ikkje i ein mid­de­lalder­park. Forde­len eg ser med å halde fes­ti­val innandørs er jo abso­lutt dette med at uan­skvett kor j… vêret er ute, er det alltid like «tørt» på bakken. Men nok om slikt. Lat oss gå over på det som fak­tisk gjer Øyo 2011 verdt å besøk­je — nem­leg artis­tane.

Artisteri

Dette er ein liten og lokalt inspir­ert fes­ti­val, noko artist­gal­leri­et bær­er preg av. Til tross for dette har dei fått tak i aktuelle band som bergens­ban­det John Olav Nilsen & Gjen­gen, Årets Urørt-vin­nar Hon­ning­bar­na og det kom­pak­te fire­manns­ban­det Kråkesølv til årets hend­ing.

Sjølv om dette er store namn i denne vesle saman­hen­gen er det mange lokale band eg gledar meg til å sjå — og for den del høyre — på årets fes­ti­val. På freda­gens vor­spiel-hend­ing stiller blant anna Cecilie Anna og John Mar­tyr and the mes­sen­ger på sce­na, mens på sjølve fes­ti­valda­gen, lau­rda­gen, byr Won­der­bel­ly (du kan sjekke deira arkiverte nett­side, som eg laga i si tid, her) på reunion og deira musikkrepetoar frå då dei roc­ka og pop­pa utes­tad­er på 90-talet. Fyrst­nem­nte er ei ven­ninne av meg som med si silkek­låre stemme og fin­ger­fer­dighei­ta på strin­gin­stru­mentet sitt gjer opplevin­ga ful­lkomen! Dei to sist­nem­nte er hen­haldsvis ban­da til min svoger og eld­ste bror.

Stord­ban­det Won­der­bel­ly skal, som nem­nt, ha reunion på årets Øyo-fes­ti­val. Etter dei la ban­det på hyl­la i 2001/2002, bestemte dei seg i år for å ha ein kon­sert med eit knippe av deira favorit­tar. Dette kan vel seiast å vere mitt høgdepunkt å få med meg!

Eit anna band som vert verdt å få med seg er sjan­tiko­ret Storm Weath­er Chan­ty Choir. Koret som også har rot på Stord, stiller med tingingsver­ket til årets fes­ti­val, nem­leg deira tolkn­ing av Tom Waits. Dette vert noko anna enn deira van­lege «hiv og hoi»-tone!

Såeh…

Kon­klusjo­nen min er alt­så: Skal du på ein fes­ti­val i mør­keti­da og du befinn deg på Vest­landet rundt 26. feb­ru­ar, er Øyo-fes­ti­val verdt å få med seg. Sjølv så skal eg fak­tisk investere i fleire bil­let­tar til nokre ven­er av meg i dag, noko kan­skje du også bør. Ryk­tene seier nem­leg at det minkar på ledi­ge bil­let­tar. Som friv­iljug på fes­ti­valen har eg det frå ganske sikre kilder!

Les meir om artis­tane og kor du kjøper bil­let­tar på deira heimesy­dde nettstad!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: