abcdefghijklmnopqrstuvwxyz

Har du eit studio, ein typo-kreativ bror og ein son som likar å male? Då har du eit godt utgongspunkt for å leike deg med alfabetet og lage ein liknande video som i dagens luke!

Job Wouters, hans bror Roel og sistnemntes fire år gamle son Gradus frå Nederland er alle levande opptekne av teikning og skrifter. Etter mange spontane jammar (jam sessions for dei som måtte lure) bestemte dei seg for å rigge til kamera, finne fram blanke ark og malekostar for å kunne vise verda kor gøy det å skrive bokstavar faktisk kan vere.

Sjekk også innom nettsida til Job og Roel for å lese meir om typografi og design generelt.

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.