Knask på ein fredag, veke 7

For å følgje opp dette med å ha eit tema, slik eg hadde førre fredag, slår eg til i dag med å presentere mange fotografiske inntrykk. Slik kan eg vel spare litt på antall ord eg skriv. Eit bilete seier jo meir enn 1000 ord, eller?

For å følgje opp dette med å ha eit tema, slik eg hadde førre fredag, slår eg til i dag med å presentere mange fotografiske inntrykk. Slik kan eg vel spare litt på antall ord eg skriv. Eit bilete seier jo meir enn 1000 ord, eller?

Fotografering via hjartet

Dei norske fotografane Marie Sjøvold, Andrea Gjestvang og Marte Vike Arnesen har ein ting til felles, nemleg det å få fram sjela i bileta. Det er då ikkje utan grunn at dei har kalla bloggen sin for Heartbeat. Verdt eit besøk!

Verda på jobb

The Boston Globe har samla ein serie med bileter av folk og fe som er fotografert mens dei er i sitt daglege arbeid.

Om du ikkje liker å stikke deg fram…

Hos Webdesigner Depot kan du finne ein artig samling bileter av mennesker som har gjennomgått eit strøk maling for å gå i eitt med bakgrunnen. Dette er vel nok eit eksempel på at folk i Asia ikkje har fritidsproblem.

Ikoniske portretter

Webdesigner Depot har mykje snop for augo. Når eg først er inne på denne sida finn eg mykje godt lesestoff, og omtrent like mykje fint å sjå på. Me er jo alle til ei viss grad opptatt av kjendisar og folk rundt oss, og kanskje også interessert i historie. Artikkelen eg her har funne er smekk full av portretter av ikoner innanfor diverse sider av historien.

Ut på tur, aldri sur…

Dersom du har planlagt ei reise i næraste framtid, samstundes som du liker å ta bileter, då er dette innlegget hjå Tuts+ Photo midt i blinken for deg! Her får du tips og triks til korleis reisa kan verte foreviga på ein god måte, og kva bileter du bør få teke i løpet av turen.

Har du brukt fotografia som skrapelodd?

Dersom du har ein god bunke med oppskrapte fotografi og har 4-5 timar til overs, kan du jo kanskje sette deg ned å fikse desse? Hjå Tuts+ PSD får du ganske god hjelp til korleis bileta kan gjenvinne si gamle heder og ære ved hjelp av Photoshop, og komme ut av skuffa og opp i lyset att!

Tips for ei god helg: Ha med nok batteri til blitzen!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.