Ny epoke

Sidan eg i sommar skal gifte meg og byrje ein ny epoke i livet mitt, har eg bestemt meg for å trappe kraftig ned på blogginga her på sida. Frå 22. august, når domenet mitt går ut, kjem eg ikkje til å fornye perioden.

the unborn chikken: slettes

Sidan eg i sommar skal gifte meg og byrje ein ny epoke i livet mitt, har eg bestemt meg for å trappe kraftig ned på blogginga her på sida. Frå 22. august, når domenet mitt går ut, kjem eg ikkje til å fornye perioden.

Det er to relativt store og innlysande grunnar til dette:

  1. Eg har fram mot, og etter bryllaupet, ikkje tid til å blogge om unødvendige ting som knask på ein fredag og ny god design på nett og papir. Eg må rett og slett prioritere mi kone, heimen og det som livet måtte bringe.
  2. Fordi det ikkje ser ut til at det er nokon som kjem med respons til korleis eg kan drive bloggen vidare, og då går eg berre å sullar i ørska. Hadde store planar om å fornye designet, men dette er no lagt på hylla.

Før det er for seint anbefalar eg deg å besøkje sidene mine der eg listar opp av nettstader som har fokus på design og skifter,før sida mi forsvinn frå Internett.

Eg må likevel kome med ein innrømmelse om at det var kjekt så lenge det varte, og takk for at du var innom nettsida mi i ny og ne.

6 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.