Spaserturen 2006: Hardangervidda

Tre dager inn i marsjen, 1 dag etter planen grunna ufyseleg ver, kunne H?rteigen bestigast. Her ved foten av den.

Då var årets gutte-tur over. Denne gang var det Hardan­gervid­da vest på tvers som stod på pro­gram­met. Ein liten tur på ca 75 kilo­me­ter som kjem til å ver­ta hus­ka for sola, hyt­tene og dei alltid like hyggelege gnagsåra…

Eg og turkam­er­at­en min Kjell bestemte oss i år for å ta ein impul­stur over Vid­da. Ein liten tur til Hårteigen (biletet over), ein topp som rager 3–400 meter over resten av Europas høgaste fjellplatå — Hardan­gervid­da. Men før me nådde så langt måtte me gå i to dagar og håpe på at veret var bra nok til å bestige top­pen.

Første dagen gjekk frå Tinnhølen til fjell­hotel­let Sand­haug, som lig­ger idyl­lisk til ved Nor­manslå­gen. Enkel tur på 3,5 timer. Dagen etter skulle bli den ardaste av dei alle. Den star­ta med x-antall myg­gstikk for min del, og sola steik­te uavbrutt. Etter 8 timers trask­ing på lange opne slet­ter, hav­na me nedi ein liten dal kor Had­laskar-hyt­ta låg og ven­ta på oss.

Her­ifrå kunne me beskue Håteigen som låg kun 3 timer i frå denne hyt­ta. Hårteigen kunne forsåvidt beskues over heile vid­da (kan skim­tast midt på biletet under), men no var me berre ei god natt søvn unna hov­ed­målet. Berre veret holdt seg…

Turens m?l - H?rteigen - kan skimtast stort sett heile turen. Men det er fortsatt 2 dager til den kan bestiges...

Noko det sjølvsagt ikkje gjorde. Etter to strå­lande dagar med sol og varme opp mot 25 grad­er, vak­na me opp til tett sky­dekke og regn i lufta. Og det blei berre verre utover dagen. Me måtte til slutt innsjå at ein tur oppom top­pen denne dagen måtte skrin­leg­g­jast. Skod­da og van­nrett regn var ikkje ver-typen man ville ha når man skulle beskue ein utsikt frå 1690 meters høgde.

Litt med­tat­te etter bas­ke­ta­ka med vind og regn, måtte me innsjå at turen ikkje hadde utar­ta slik me hadde tenkt. Me bestemte oss difor for å sjå an veret om mor­gonen og prøve på å bestige den før me drog videre til Tys­sevass­bu — siste stopp på turen.

Dagen etter blei eg vekt av ein lysande ivrig kam­er­at som ville ha meg ut av sen­ga og ut i det fri. Det var sol fra skyfri him­mel, og då var det berre ein ting å gjere, nem­leg å pakke sekken for som f… eh… fy, og komme seg avgårde.

Me kom oss opp og blei møtt av ei fan­tastisk utsikt. Under kan du sjå utsik­ta mot nord-aust, mot Nor­mannslå­gen og Sand­haug i horison­ten, turens utgangspunkt.

Utsikten er udiskuterbar fr? toppen. Du ser langt fra 1690 meters h?gde. S?rleg om resten av vidda er flat og liger mellom 1000 og 1200 meters h?gde ;)

Etter den top­pen var bestege sat­te me tid­sreko­rd i å gå frå Tore­hyt­ten ved forten av Hårteigen og til Tys­sevass­bu. Det står oppført at turen på 15 kilo­me­ter (i ulendt ter­reng) tar ca 6 timer i kon­stant gange, dog man pleier å bruke fleire timer enn det som står på kartet. Me bruk­te i under­kant av 5. Kan det ha vore frokost­b­landin­ga me spiste? Jepp, det kan det :-)

På Tys­sevass­bu var me stort sett åleine, om me ser vekk i frå to ned­er­len­dere som hadde sin 12. dag på vid­da… Med andre ord: Vår tur var berre barne­mat på usle 75 kilo­me­ter.

No er det berre til å vente på at neste som­mer skal komme. Då står mest sannsyn­leg Island for tur. Det kjem vel mest an på økonomien, men det skal nok alltid bli årn­ings på!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: