Korleis lage skriftsnitt med FCP

Her kjem ein kjapp innføring i korleis du kan lage skrifter ved hjelp av The Font Creator Program 5.5 (FCP). Eg har ikkje lisens til denne versjonen, og har benytta med av demoversjonen for å lage denne tutorialen. Det kan difor vere avvik i valgmoglegheitar i menyar og slike ting.

Opprette skrift

Først av alt må du sjølvsagt opprette ei ny skrift. Dette gjer du enkelt, som i mange andre program, via File > New (Crtl+N). I dialogboksen som dukker opp skriver du inn ønska skriftnavn. I dag føler eg for å bruke Tutorial som navn på skrifta. Etter det er gjort, trykker du på OK.

Opprette ny skrift

Etter det er gjort dukker det opp eit skjermbilete med masse bokser med forskjellige navn på seg. Om du dobbeltklikker på dei forskjellige, vil du få eit liknande skjermbilete som det under. Eg har dobbeltklikka på bokstaven F (Stor f med andre ord).

I dette skjermbiletet er det eit rutenett av dimmensjoner. Eller så stort som du vil ha det til. Dette kan endrast i Options, men det er ikkje nødvendig. Andre ting som kan vere greitt å vite, er kva dei markante strekane er for noko.Dei røde strekane viser kor nullpunktet i nedre venstre hjørne av kvart teikn ligger. Nullpunktet er med andre ord der dei møtest. Den svarte streken viser kapittel-høyden, topppunktet for STORE BOKSTAVAR. Den siste, og minstre streken, men dog også blant dei viktigaste, er den stipla streken til høgre for den loddrette røde streken. Denne definerer kor skriftteiknet slutter og kor neste teikn starter si vandring. Litt vanskeleg forklart, men kjem ikkje på nokon betre forklaring akkurat no. Mail meg så kan eg kanskje forklare det betre :)

Start-skjermbilete

Opprette teikn

Så skal me begynne på det alle gøyeste,nemleg å faktisk lage skrifttyper. Dette kan gjerast på 3 måter. Den eine enklare enn den andre, så her er det fritt valg frå øverste hylle! Nokre avhenger også av annen programvare på pcen. Så om du har Adobe Illustrator installert på maskinen, så er du heldigere enn andre i antall valgmuligheter. Men nok preik, og over til det me eigentleg skal gjere. Ta utgangspunkt i kor me er no, med bokstavvinduet opent, og velg ein av følgjande metoder:

Metode 1: Kontur for kontur

Dette er etter mi meining den mest tungvinte måten å jobbe på. Vertfall frå scratch. Personleg bruker eg kun denne metoden for å justere på konturane oppretta av dei andre metodane. Men uansett, for å bruke denne metoden, høgreklikker du i bokstavvinduet (rekner med at du ikkje har lukka det endå) og velger New Contour.

Opprett kontur

No har markøren forandra seg til ein pen med eit kors (skjermbiletet under viser deg stolt korleis det ser ut og korleis konturarbeidet kan gjerast.). Trykk kor som helst der du vil ha startpunktet. Eg har sjølvsagt valgt litt utanfor nullpunktet kun for at du skal kunne sjå litt betre. Det første punktet du lagar vil vere eit On-curve-punkt, altså eit fast punkt. Slike punkt før du kvar gong du trykker på venstre musetast for å opprette punkt.

Om du vil ha bua former slik som eg har i eksempelet under, så trykker du på høgre musetast. Dette punktet (Off-curve-punkt) vil vere som eit refereringspunkt mellom to faste punkt, som du vil sjå om du beveger på musa og klikker med venstre musetast atter ein gong. Då skal du i teorien ha fått ei fin lita kurve.

Opprette nye punkter

Slik holder du på til du har laga eit teikn eller ein bokstav du liker. Då trykker du på knappen Apply som har ligget og irritert deg heilt sidan du valgte ?å oppretta kontur. Badabing-bim, så er den borte like fort som den dukka opp!

Ny kontur er ferdig!

Metode 2: Opprette kontur ved hjelp av grafikk

Om du syns du har vore flink å skribla ned nokre bokstaver og/eller teikn på papir, kan du alltids scanne inn desse og lage skrift av dei! Høgreklikk i bokstavvinduet og velg Import Image.

Importer grafikk

I dialogboksen som dukker opp trykker du på knappen Load og velger den grafikken som tilsvarer bokstaven du skal opprette. I mitt tilfelle så importerer eg inn ein S der det eigentleg skal vere ein stor F, men la oss ikkje legge oss bort i småplukk. Etter biletet er lasta inn, ser du i høgre vindu at den kanskje ikkje stemmer heilt overens med grafikken du henta inn. Den blir sjelden eller aldri heilt lik, men du kan justere utsjånaden ved hjelp av slideren Threshold og velge None under Smooth Filter. Du kan prøve deg fram og sjå kva som passer best. Når du er ferdig trykker du enkelt og greitt på Generate.

Juster grafikken du importerer inn

Då er første teikn inne. Det er mogeleg at den importerte grafikken er for liten eller for stor. Dette kan enkelt fiksast ved å merke alt (Ctrl+A), og dra i punktet øverst til høgre. Hold nede Shift om du vil ha det proporsjonalt heile tida. Kan anbefales. Dobbeltklikk på teiknet om du vil redigere punkt-for-punkt.

Importert grafikk

Metode 3: Lime inn fr? Adobe Illustrator

Den metoden eg har brukt mest er å lime inn ferdigdesigna teikn eg har laga i Adobe Illustrator (AI). Både fordi det er enklare å jobbe med det her og man kan vere litt meir nøyaktig i utførelsen av kvart teikn. Høyres proft ut, ey?

Det du gjer er ganske så enkelt. Du velger bokstaven du vil importere i AI, og limer den rett og slett berre inn i FCP sitt bokstavvindu. Voila! Så er teiknet ferdig.

Detaljer for skrifta

Etter at du har laga heile skriftsnittet ferdig med alle bokstavar og teikn, er det på tide å setje detaljer for skrifta. Dette gjer du ved å velje Format > Naming frå den øverste menylinja. Fyll inn det som måtte passe. Under ser du autoinnfyllinga som dukka opp hos meg ettersom eg har kalla skrifta for tutorial.

Gi skrifta di namneinformasjonen den fortener!

Alt som gjenstår no er å lagre skrifta. Dette kan du gjere på to måtar, anten ved å lagre den på ein eigen plass på maskina (f.eks. skrivebordet) eller installere den direkte. Eller kva er det eg seier, du må lagre skrifta uansett først. Så kan du installere den anten gjennom Font > Install eller via utforskeren på maskinen ;).

Håper denne enkle guiden gjorde deg litt klokare med tanke på korleis du lager skrifter. Endringer vil nok komme… Og evt. spørsmål mottas med glede.

3 Comments