Endeleg ein felles standard?

Dei store innan IT-verda har no gått saman om å skape eit arkiv av gode ressursar for utvik­larar. Apple, Facebook, Google og Microsoft med fleire, skal gjennom nettstaden Web Platform presentera siste nytt innan CSS3, HTML og andre relevante standarder til nettbruk.

The Next Web kan rapportere, via W3C, at nettsida òg vil innehalde status for utvik­linga av nye standarder og nettle­sar­stø­nadar:

According to the W3C, the website will also display the status of a parti­cular technology’s standar­di­sation and cross-browser imple­men­tation.

Det store spørs­målet er om me no nærmar oss ein felles standard slik at me slepp å lage 20 versjonar av same side for at dei skal virke i alle nettle­sarar... Sida er førebels i alfa, men bør absolutt verta bokmerka!