Blanke ark og farge­stiftar

På nettstaden Draw a Stickman vert du møtt av eit lite kvitt felt og får beskjed om å teikne ein strekmann. Kva teiknar du? Ein slik du teikna i barne­hagen, eller let du hjernen få fritt spelerom og kreerer eit litt meir omfat­tande kunstverk?

Det har eigentleg ikkje noko å seie, men eg kan love deg at det vert meir under­hal­dande etter­kvart om du startar med noko litt ekstra. Etter du er ferdig med strek­mannen din og trykker deg vidare, får du forskjellige oppgåver du skal utføre. Alt ved hjelp av strek­te­ik­ningar. Enkelt og greit, eller kva? Have fun!