Ny skrift: Analfabet

Det er ei stund sidan eg las­ta opp ei ny skrift her på sida mi, men eg har ikkje ligge på lat­si­da av den grunn. Anal­fa­bet er ei ny skrift eg har hatt på teikne­bret­tet ei god stund, men tid­sklem­ma har ført til at eg ikkje har fått fullført den før i dag.

Anal­fa­bet er i likheit med Asphyx­i­ate basert meir eller min­dre på mi skri­b­ler­i­hand­skrift. Denne utgå­va er der­i­mot berre i kapitel­er, men med forskjel­lig utsjå­nad for ver­salane (dei store bok­sta­vane) og minusklane (dei små bok­sta­vane). Den er genial for bruk på design som krev­er eit «jour­nal­is­tisk» preg over seg.

Det er ei Open­Type-skrift, noko som vil seie at du kan nytte den på både Mac og PC. I til­legg har eg defin­ert nokre tilleg­steikn som lig­at­u­rar for dei som likar slikt.