Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Kva skjer i Bergen, folkens?

Var i Bergen på julebord i helga, og fekk til min store overraskelse vite at kaféen Capello i Skostredet hadde gått konkurs. Dette berre kort tid etter at den velkjente Vågen Fetevare også hadde stengt dørene. Er det mi skuld?

Capello. Arkivfoto: Rune Berentsen, BT

Var i Bergen på julebord i helga, og fekk til min store overraskelse vite at kaféen Capello i Skostredet hadde gått konkurs. Dette berre kort tid etter at den velkjente Vågen Fetevare også hadde stengt dørene. Er det mi skuld?

Kan jo virke slik, ettersom at begge er, eh, var mine favorittsteder for ein god kopp kaffidrikk, og at dei gjekk dukken ikkje lenge etter eg og madammen flytta til Stord. Har ikkje folk lengre tid til å setje seg ned å ta ein kopp kaffi eller noko anna leskande lengre? Er det kun inn og få seg eit pappkrus for så å spurte ut døra att no for tida?

Kva vert det neste, at fantastiske Det Lille Kaffikompaniet får kroken på døra? Skal vertfall gjere mitt for at eg tek meg noko varmt i koppen når eg kjenner den kjølege og våte lufta bite meg i nasa neste gong eg befinn meg i Bergen.

Eg får håpe desse to gjenoppstår, dette er eit sår i den Bergenske kafékulturen!

Summary in english:


Ein attendeping

  1. tilbakeping: Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2
    20. januar 2010, 14.36

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional