Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Gangstar: West Coast Hustle

Eg skreiv i april om at ei av mine skrifter, Unintended, har vorten brukt i eit dataspel. No er det Gladatur Rum som står på den raude løparen og er på veg inn i kjendistilværelsa i spelet Gangstar: West Coast Hustle frå Gameloft.

Gangstar: West Coast Hustle

Eg skreiv i april om at ei av mine skrifter, Unintended, har vorten brukt i eit dataspel. No er det Gladatur Rum som står på den raude løparen og er på veg inn i kjendistilværelsa i spelet Gangstar: West Coast Hustle frå Gameloft.

Spelet, som er for iPhone, ligg i same gate som Grand Theft Auto, men har i følgje anmeldinga eit lite stykke att for å kome dit kvalitetsmessig. Eg har ikkje prøvd dette sjølv, men tross bruken av skrifta mi i eit slikt spel er det gøy å sjå at mine skrifter vert brukt rundt om kring. I dette spelet er skrifta nytta blant anna i radiomeldingar og status for ammo/pengar osb.

Les meir hos utgjevaren:


2 ytringar

  1. Utrolig kult! Visste ikke at du var fontdesigner? Najs!

    mia
    måndag 23. november 2009, 12.37 · Permalenkje
  2. Har ikkje akkurat reklamert for det i og med at det er meir som ein «hobby», men det kjem jo fram av lenkja øverst at eg har drodla eindel skrifter ned på «papiret» :D

    Espen M. Kvalheim
    måndag 23. november 2009, 14.57 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional