Interessert i typografi, og spesielt kalligrafi? Då bør du sjekke ut bloggen In a Brush!
Graphic Means
Har du nokon gong lurt på korleis ein laga magasin og andre grafiske trykksaker utan ein datamaskin? Briar Levit har lyst å vise deg dette gjennom prosjektet sitt “Graphic Means”.
Er du ein grafiske nørd?
Eg har tidlegare omtala enkelte «nettspel» der du til dømes kan teste kor god du er til å justere avstanden mellom teikna i eit ord. No har det dukka opp ei side der du kan utfordre deg sjølv i mange fleire slike grafiske «nettspel»: Games for Designers Enjoy!
Er du pikselperfeksjonist?
Er du den som likar og trur at du klarar å sjå breidda og høgda på eit element på skjerm utan å måle? Kva om ein snur på det, då? Altså at du får eit tal med pikslar og skal lage boksen så nærme som oppgitte mål? Test ut kor god du er på Pixact.ly!
Genialt manuelt!
William Wilkinson er sikkert ikkje eit altfor kjent namn der ute, men eg har fulgt han på Instagram og Twitter i mange år. Han er levande oppteken av fotografi, noko Instagram-straumen hans ber preg av. I slutten av september lanserte han (saman med Craig Merchant) ein eigen fotografi-app, kalla Manual, der ein har full kontroll…… Continue reading Genialt manuelt!
Elektronisk kjærleik
http://youtu.be/RC_0NzJ2mWA Fin og kreativ måte å nytte elektroniske duppedingsar. “Knock, knock” av det ukrainske bandet Brunettes Shoot Blondes. Meir detaljar her!
Notisen
Lokalaviser er eit type medium som kanskje ikkje vert sett på som grenseprengande når det gjeld måten nyhende vert formidla. Resultatet vert ofte lange tekstar med eit bilete som skal fylle side opp og side ned. Lokalavisa Kvinnheringen har i dag difor gjort noko heilt utanom det vanlege… Notisen er sett på som det viktigaste…… Continue reading Notisen
Heimlaus skrift
Kvar og ein av oss har ei unik handskrift. Ein nyttar det på postkort, brev og anna i løpet av ein vanleg dag. Dette gjeld òg mange av dei heimlause der ute i verda, der dei sit med ein bit papp med noko skribleri på. Dette har Arrels Fundación teke vidare inn i sitt prosjekt for…… Continue reading Heimlaus skrift
Hovudet over vatnet
Sommaren står for døra, og med det eit yrande liv på sjøen. Det franske selskapet Guy Cotten har laga til ein fantastisk godt gjennomført kampanje for bruk av tryggleiksutstyr på sjøen med utgangspunkt i kor vanskeleg er det å overleva eit fall til havs.
Kjendisbloggaren
Eg sat ved arbeidsspulten min i førre veke då telefonen min ringde. Eg svara hallo, og fekk til svar: «Hei! Eg heiter Andrea og ringjer frå framtida! Du har høyrt om oss?». Det er ikkje kvar dag ein får anrop frå framtida, men det viste seg fort at det var snakk om den nynorske nettavisa…… Continue reading Kjendisbloggaren