William Wilkinson er sikkert ikkje eit altfor kjent namn der ute, men eg har fulgt han på Instagram og Twitter i mange år. Han er levande oppteken av fotografi, noko Instagram-straumen hans ber preg av.
I slutten av september lanserte han (saman med Craig Merchant) ein eigen fotografi-app, kalla Manual, der ein har full kontroll over ISO og lukkarhastigheit sjølv.
Kjempekjekk å nytta når ein tek bilete av ungar i fart og spenning — her representert av mi yngste dotter!
2 svar til “Genialt manuelt!”
Funker den? Den virker jo veldig kjekk.
Har nytta den mindre enn eg trudde, men eg får til motivet slik eg vil når eg nyttar den, så ja :)