Eg sat ved arbeidsspulten min i førre veke då telefonen min ringde. Eg svara hallo, og fekk til svar: «Hei! Eg heiter Andrea og ringjer frå framtida! Du har høyrt om oss?». Det er ikkje kvar dag ein får anrop frå framtida, men det viste seg fort at det var snakk om den nynorske nettavisa Framtida.
Dei hadde visstnok ei gladmelding å vidarebringa. Bloggen min og eg hadde visst vorten kåra til «vekas bloggar». Eg og bloggen min er òg då automatisk med i tevlinga om å verta «verdas beste nynorske blogg». Ingenting å utsetja på den tittelen!
1 Comment
Grattis! :D