Skriv ei verdsnyhend på null komma niks

Throwww

Manglar du ein eigen blogg, eller ikkje vil opprette ein, men er ein som elskar å skrive og vil fortelle det fort­are enn svint til folk? Her er løysin­ga til deg!

Kast deg ut i det

Throwww-skriv Blanke ark manglar fargestiftar!

Ten­es­ta har namn Throwww, og du bør sporen­streks bok­merke denne om du fell i kato­gorien nem­nt over. Alt som skal til er å gå inn på www.throwww.com og kaste deg i gong med skrivinga.

Skriv i veg!

Straks du skriv nokre ord kjem det opp ei verk­ty­line som du kan for­matere tek­sten din, set­je inn bileter og oppret­ter lenkjer.

Del med andre

Når du føler du er nøgd med meis­ter­ver­ket ditt, er det berre til å pub­lis­ere til heile ver­da. Du kan vel­je om du vil pub­lis­ere anonymt, eller merke det med Twit­ter-brukaren din. Gjer du det via sist­nem­nte kan folk sjå ein over­sikt over alle dine inn­legg, i til­legg til å fyl­gje dine fram­tidi­ge verd­sny­hende. Deretter er det berre til å dele lenk­ja med dei du måtte ynskje. Enklare vert det ikkje!

Send ut ei verd­sny­hend utan ekstra kalo­ri­ar på Throwww du òg!

PS: Her kan du for­resten sjå mitt testinn­legg på bloggtenesta.

 

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!