Knask på ein fredag: Oktober

Eg star­tar dagens knask med å sende deg avgarde til to sider som kan­skje kan­skje kan løyse opp kvardagsstemninga og innleie hel­ga:

Kva sa du, sa du?

Dette er ikkje av sær­leg ver­di, men på ein fredag har me lov til å prøve kva­somhelst. Test om du høyr­er kva som vert sagt på sidene Bacon or Beer­can og Hair­piece or Her­pes. Lykke til!

Moderne retro

Hjå gjen­gen bak Grain Edit får du servert god­bitar av mod­erne design med ein klar retro stil over seg. Det vil seie design inspir­ert av 60- og 70-talets fin­urlege far­gar og for­mer.

Tune in!

Radio har rel­a­tivt gode eksem­pler på kor kunnskap­srike dei er innan illus­trasjon, design, typografi og ikon­mak­eri. Blant anna kan byrået frå Cape Town vise til ganske så art­fundi­ge plakatar for kom­mande sesong av Mad Men. Makan!

Gjer det sjølv

Er du fin­gernem og likar å dro­dle med forskjel­lige mate­ri­alar for å lage ting til både deg sjølv og andre? Då kan eg tipse om nettstaden Wood & Faulk. Her kan du ved hjelp av instruk­sjonar spe­sial­lage fif­fige ting som bel­ter, spel (eksem­pelvis Kubb) og andre prak­tiske gjen­stan­dar ein nyt­tar i kvarda­gen. Eller til fest. Det er heilt opp til deg. Om du ikkje er sær­leg til hand­verkar sjølv, kan du som alter­na­tiv han­dle i net­tbu­tikken deira i stedet. Mange fine ting!

Skriblereringsmeister

Daniel Vane er i føl­gje seg sjølv den fødte skri­blereraren. At han har ei større inter­esse for teikn­ing av men­nesker og for tat­toveringar vis­er att i arbei­det hans. Illus­tratøren har sam­la mange av sine fan­tastiske skri­blereringar på heimesi­da hans.

Kunden har alltid rett. Eller?

Som ein arbei­dar innan­for det grafiske dukkar det ofte opp spørsmål eller føre­spur­nad­er som er av den uforståelege sorten. Nettstaden Clients From Hell har sam­la ein god del av slike til spott, spe og vår sjåarlyst. Eg avs­lut­tar med å pre­sen­tere to av mine favorit­tar frå denne sida:

Sor­ry for the delay on your invoice. My grand­ma got real­ly sick… Oh, can you change the blue to aqua?

No! Don’t use pix­els! Pix­els make every­thing big­ger. Just use inch­es like a nor­mal per­son.

Ein eksplosjon av ei skrift!

Tid for refleksjon, last ned eit ikon!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: