Categories
Skrifter/typografi

Skrifta med det rare i

Er du på jakt etter ei heilt spe­siell skrift til eit pros­jekt? Då kan eg i luka for dagen tipse deg om eit lass med ikkje fullt så lekre skrifter…

Addic­tive Fonts har sam­la ein god del skrifter som kan­skje ikkje pas­sar inn i ei trykksak som treng les­bar tekst, men som pas­sar ypper­leg om du treng eit heilt spe­sielt uttrykk. Med namn som Ägg­stock­Gravid, Kingth­ings Pique’n’meex og Bad­abum er lista for sær(eigen)heit satt.

Nettstaden har forøvrig flust av gratis skrifter til kom­mer­siell bruk. Heilt gre­itt!