Oskeladden fekk si prinsesse!

Bryllaupskyss

Ja, då var eg ein gift mann. Eg er vorten ein ekte mann. Bryl­lau­pet me, eller rettare sagt Renate, har plan­lagt i over eit år, er no over­stått. Det har ikkje heilt gått opp for meg at eg er ein gift mann, men kjen­ner at det er det rette og det er ein her­leg følelse!

Etter å ha fått Tyrkiareise i mor­gongåve av Renate, sit eg no etter ei fan­tastisk veke her nede og smak­er fort­satt på følelsen eg hadde då eg stod ansikt til ansikt med mi vakre brud i Eid kyrk­je på Hal­snøy førre lau­rdag. Det kan eigent­leg ikkje beskri­vast med ord — det må berre oppl­ev­ast.

Eit eventyr

Ting som hendte den dagen kjem klarare fram, litt og litt. Det er ikkje alt som har gått opp for oss. Eg sit stadig å undrar om det heile kun har vore ein draum, men dess fleire dagar eg får på meg, dess meir kjem ting sigande. Eg er gift. Fan­tastisk!

I fes­theftet hadde me skrive om kor­leis me vart saman, satt saman som ei even­tyr­forteljing. Dagen etter bryl­laups­festen sa eld­ste­bror min noko som kan­skje andre kan vere einig i: Me er eit even­tyr.

Fleire bileter og film kjem på nettsi­da vår etterk­vart som me har fått over­sikt over alle gåvene, og ting ellers synk inn.

Eg er gift. FYTTI!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: