Det snør, det snør, tiddelibom!

snoenkjem

Sjølv om alle strengt tatt veit det, ser det ut til at mange gløymer kor snill og uskyldig snøen eigent­leg er. Den dalar sak­te ned frå him­me­len, fak­tisk lettare enn ei fjør, og skal difor ikkje volde noko skade som helst. Dog, som me alle veit betyr også dette kvite lak­enet over land­slapet at det opp­står visse større eller min­dre kom­p­likasjonar i men­neskenes liv.

Spe­sielt ille er det for men­nesker som kjør­er i bil. Her går det til tider over stokk og staur, og det ser ikkje ut til at det hjelper uansett kva me enn gjer. Sjølv om nord­menn trur det å kjøre med som­mardekk heile året gjer at vin­teren (og snøen) ikkje kjem snikande kvart einaste år, må me nok til sjuande og sist gje tapt.

Det er da godt å sjå at det ikkje dette berre gjelder nord­menn. Beboerne i Port­land (USA) har endå større prob­lem med å fes­ta grep på kva snøen gjer med bilane deira, berre sjå her (gamalt klipp):

God helg og køyr forsiktig!

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!