Espen M. Kvalheims forundringar i eit eggeskall

Haustferie?

ko

Haustferie er for mange synonymt med late dager, fri frå skule eller jobb, kakao i solveggen med eit teppe tett rundt kroppen og mogleiken til å gjere det ein måtte ynskje når ein ville på dagen.

For min del er eg på jobb heile denne veka, men det gjer absolutt ingenting. I allefall ikkje når eg kan stå opp 15-20 min seinere enn vanleg og likevel vere på jobb tidlegare enn det eg gjer elles i året. Det same gjeld når eg skal heim etter jobb. Eg kan gå på bussen i tidsrommet rushen normalt er på sitt verste, men likevel vere heime etter kun 15 min på bussen.

Grunn: Alle som til vanleg bruker bilen til og frå jobb har late dagar, og dermed ikkje moglegheit til å skape unødvendige køar!

Snart løysing på problemet?

Ettersom dei i desse dagar held på med utvidelse av vegen mellom sentrum og Haukeland sjukehus for å gi plass til eit kollektivfelt her, kan heimreisa kanskje i det minste gå meir eller mindre smertefritt.

Eg kan ikkje anna å seia enn at eg gleder meg som eit barn som ventar på å få opna den største julepresangen under treet, og det før jul!

Ha ei fortsatt fin arbeidsveke/haustferie!

Publisert

Kategoriar

Personleg

Summary in english:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.


v 10 · 2002–2010
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan man få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Strict