Neste stopp: Island

Jökulsárlón

Har du nokon gong vore på Island? Om du har det, treng eg litt hjelp. Eg har nem­leg tenkt meg ein liten svipp­tur oppom Island i som­mar. Har sett på Super Jeep turane til Vat­na­jökull Tours som ein god ting å gjen­nom­føre. Dette skjer på Sør­lan­det, og er mest på jakt etter ting som skjer på strekninga Reykjaví­k — Smyrlabjargarf¡rvirkjun (ved foten av Vat­na­jökull). Den blå lagune og Gull­ru­ta er også attrak­sjon­er som eg har stud­ert litt. Men er usikker på om det er ting eg ikkje veit om som eg BØR ta meg tid til å gjere.

Så om du har tips, ver venn­leg å kom­mentere under. Kva er verdt å bruke tid (og evt. penger) på, og kva er defin­i­tivt berre til å sløyfe?

PS: Bildet er for­resten tatt av Luís Rodríguez Bae­na, og er hen­ta frå Google Earth.