To gode naboar

To gode naboer

Pat & Mat, eller betre kjent som To gode naboer her til lands, her­ja Barne-TV i min barn­dom. No har eg ikkje ful­gt med på kva som går no til dags, men det er vert­fall noko som går i gløymebo­ka ganske fort og som ikkje vert sett på som god under­hold­ning for oss «godt vok­sne» barn. Denne tsjekkoslo­vakiske pro­gram­se­rien, er eit unntak. Moge­leg det var for­di den i utgangspunk­tet vart laga som under­hold­ning for vak­sne, om me skal tolke ganske så sikre kilder.

Min re-opdag­ing av serien star­ta ein­gong for to, tre år sida, då eg og ein bestekom­p­is sat og mim­ra om barn­dom­mens glam­our, med høgdepunk­tet satt til klok­ka 18 kvar bidi­ge kveld. Då me kom innom denne serien måtte me berre prøve å få tak i eit par episoder, berre for å sjå om det fort­satt var like under­holdande som i våre glade yngre år. Etter myk­je om og men, fant me kun web­sider som inneholdt his­to­rien bak og om, men ikkje nokon plass me kunne få kjøpt herlighetene. His­to­rien om to håpløse fyr­er som hadde over­flod av løys­ningar som alltid gjekk skeis kunne kan­skje minne oss om kor­leis me eigent­leg var sjølv :)

Etter­som me ikkje fant noko sær­leg av episoder, dalte heile «pros­jek­tet». Heilt ein DVD-utgave lyste i mot meg på Platekom­p­isen her i Bergen. Man trengte ikkje be meg to ganger om å kjøpe den. Den var allerede plassert på top­pen av min allereie fulle famn med cder og DVDer eg berre «måtte» ha. Men etter eg fekk satt den i hyl­la mi, gjekk den like­fort i gløymebo­ka. Usikker på kvi­for, men slik vart no det ein­gong.

Til i går.

Me satt atter ein gong i sofaen, eg og min kam­er­at, og såg på denne bok­sen kalla fjern­syn. Ikkje myk­je inter­es­sant som går der for tida, så me såg gjen­nom DVD-sam­lin­gen min etter ting me ikkje hadde sett før, eller som kunne under­holde oss ein reg­n­tung lørdags etter­mid­dag. Då me fant igjen DVDen, var me ikkje seine om å set­je den på og rydde plass på bor­det til beina og noko godt å drykkje. Det tok ikkje lange tida før lat­teren gjorde gjen­klang i rom­met mel­lom mine tomme veg­ger. Me var, sett vekk ifrå «vok­sen-brusen», atter ein­gong dei to små gutane som satt ben­ka foran den gam­le TV-skjer­men heime i sto­va i barn­domsheimen.

Så, first thing mon­day mornin’, eller vert­fall etter arbei­ds­da­gen er over, så er det igjen tid for å finne nye utgåver av denne klas­siske serien. Kan­skje eg også finner andre gam­le Barne-TV-klas­sikarar blant hylleme­trane?

Verdt å kikke på: