Takk Sigur Rós!
Det blei bra. Veldig bra. Betre enn eg hadde forventa, om eg skal vere heilt ærleg. Konserten med Sigur Rós på Sentrum Scene i Oslo i går var noko utanom det vanlege, og velter inn på andreplass på mi topp 5 over beste konserter!
Sigur Rós i Oslo
I mangel på mogelegheitar til å komme meg på dei festivalane eg hadde sett for meg i år, må eg mette meg på konserter som går. Og når ei gruppe som Sigur Rós entrer scenen, så er eg ikkje vanskeleg å be! 27. juni er datoen og Sentrum Scene er plassen å vera.
Half-Life 2: Episode One
For dei som ikkje heilt har fått det med seg, kan alle nyte Half-Life 2: Episode One. Om du syns det er for dyrt å kjøpe det i butikken, er eg einig i det. Last heller ned Steam frå nettet, og kjøp det online for rundt 100-lappen. Verdt alle røde øre!
Blir du nr. 10.000?
Om du er bes?kande nr. 10.000, ikkje s? altfor lenge til med andre ord, gi meg ip’en din (sjekk online p? WhatIsMyIp.com), s? eg kan gratulerer den riktige bes?kande ;-) Her finn du kontaktopplysningane du treng.
Livets underfundigheter
Gått ei lita stund sidan sist oppdatering. Ting og tang har hindra meg i å fått lagt til noko som helst her på sida (Jepp, det har garantert noko med ISP’en å gjere…). Vel, kor skal eg begynne?