Categories
Personleg Video/film

Video frå skiseilkurset lagt ut

For dei som hugsar at eg skreiv ein liten snutt om ski­seil-kurset eg var med på her om dagen, kan no få sjå levande bilete (ooh!) frå det. DNT-Ung har nem­leg lagt ut ein video av begiven­hei­tane på Finse/Hardangerjøkulen.

Categories
Personleg

Skiseiling på Finse med DNT-Ung

Finse var plassen å vere no i hel­ga (13.–15. april). Vert­fall for oss 12 som hadde meldt oss på DNT Bergen Ung­doms­grup­pen sitt Ski­seil- og kite-kurs. Etter eit kjapt intro­duk­sjon­s­møte med resten av deltakarane var det tid for eit kort møte med instruk­tørane om sikker­het og generell bruk av ski­seil. Her fekk me vite kor­leis me skulle forholde oss til vind og ver, litt his­to­rie og vis­ning av film som moti­vasjon.