-
Oppvarminga er i gong
Eg reknar med dei fleste som har følgd meg på denne bloggen veit at eg elskar musikk, og spesielt to band: Radiohead og Sigur Rós. Denne veka er det duka for ein fantastisk konsertoppleving med sistnemde, nærmare bestemt i Oslo Spektrum på torsdag.
-
Sigur Rós i Oslo
I mangel på mogelegheitar til å komme meg på dei festivalane eg hadde sett for meg i år, må eg mette meg på konserter som går. Og når ei gruppe som Sigur Rós entrer scenen, så er eg ikkje vanskeleg å be! 27. juni er datoen og Sentrum Scene er plassen å vera.