Opplev nyaste spel på gamle drog

Lei av å ikkje kunne spele dei nyaste spela på grunn av utdatert hardware? Fortvil ikkje! No er endeleg GeForce NOW offisielt lansert!

GeForce NOW er ei teneste som gjer at du kan spele ei mengd moderne spel på kva som helst eining. 

Kva som helst eining? Ja! Har du ein eldre PC med innebygd skjermkort av låg kvalitet, eller sit på Mac utan mogleik til å spele spel sidan dei berre er lansert for PC? Kjem dei inn under dei låge systemkrava er det ingen problem, skjønner du. Alt ein treng gjere er å registrere seg, lastar ned ein enkel applikasjon, og du kan spele med full grafikk!

Kva er haka? Ikkje noko stor hake i utgangspunktet, i alle fall om du spelar korte økter og har dei fleste spela dine i Steam/Uplay. Det er ikkje støtte for spel som er utanfor desse sfærane, som t.d. Origin og lokalt installerte spel. I tillegg bør ha ei grei nettilkobling. Ei fiberlinje på 100/100 er å anbefale, men minimum er 50+.

Dei har lagt opp til ein modell der du kan spele kostnadsfritt i ein time om gongen, men tilbyr ein meir friare oppgradering, med meir futt for 59,-/ månad.

Konklusjon? Absolutt verdt å prøve ut! Eg har prøvd betaen i over eit år på min MacBook Pro frå 2014, og eg fekk blant anna testa PUBG og DOOM på grafikkinntillingen Ultra. Det glei heilt strålande og utan lag — sjølv på ei vanleg breibandslinje på 60/20.

Så, blås støvet av din gamle plank av ein PC og spel!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.