Naten+Eppe=sant!

Eppe og Naten feirer!

For å feire 1-års­da­gen for endring av sivil­sta­tus, tenk­te me (alt­så madammen min og eg) å friska opp designet på nettsi­dene våre. Og, ja, dei er ganske like… For å gjere det klart ein gong for alle: Det er ikkje snakk om pla­giat, eg kallar det berre for rein hugleik!

Sidan sist:

Det er sikkert ikkje mange, mog­leg kun såpass mange at eg kan tel­je det på ei av mine hen­der sam­tidig som eg snakkar i mobil­tele­fo­nen, som bryr seg eller føl­gjer med på kva denne guten dri­ver med på sida si. Men eg tar ein liten opp­sumer­ing på kva som har skjedd sidan sist likev­el:

Truloving

Fan­tastisk og sant: Eg er fort­satt trulo­va med mi vakre Renate, og har nett fly­t­ta inn i hen­nar lei­ligheit for å pusse litt på min. Og den som ven­ta på nokon dato for bryllup, jau den skal vite at det skjer noko rik­tig kjekt på Hal­snøy den 27. juni neste som­mar!

Nytt design

Som nem­nt og kan­skje du av ein eller annan merk­fundig grunn har lagt merke til, har eg skif­ta design på sida mi. Det er nok sikkert ein­del som meinte at det gam­le var godt nok, og som kan­skje kunne tenkt seg det sjølv. For dei det gjeld, kan det takast kon­takt med meg…

Dette designet du no ser på gjekk frå idé, via skiss­es­tadi­et, til design og kod­ing i løpet av to dager. På veg­en har det vore små, men abso­lutt merk­bare for­be­tringar. Blant anna:

  • Jevnt over lysare «look» på sida
  • Nyt­tige lenkjer tilhøyrande stof­fet på sida (f.eks. på design-sida)
  • Vilkår­lege lenkjer til gode sider ned­er­st i det svarte fel­tet
  • No kan du teste skriftene direk­te i net­tle­saren
  • Betre og meir over­sik­te­leg porte­føl­je
  • Betre fotoal­bum/-vis­ning
  • Arkiv over gam­le design på «Om»-sida (fleire kjem)
  • …og generelt litt lysti­gare far­gar her og der

Kom gjerne med innspel på ytter­legare for­be­tringar om det skulle vera nød­vendig.

Bergensveret

Vis­er seg stadig frå den fine sida for tida. Ingen umid­del­bare meldinger om dår­leg ver! Men kvi­for du sit her og leser på nettsi­da mi i dette strå­lande veret, er for meg heilt ufat­te­leg. Kom deg ut!

PS: Om du lur­er på kvi­for det kjem eit hjar­ta med rosa bak­grunn når du før­er musepeikaren din over logoen min øverst på sida, ja, så er det berre til å trykk­ja, så kjem du inn på min trulo­va sin nettstad!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: