For dei som er over gjennomsnittet interessert i skrifter er det mykje spanande å finna i både nye og gamle typografibøker. Desse kostar diverre som oftast litt småpeng i innkjøp. Heldigvis ligg det mykje tilgjengeleg snacks og typografikjelder på verdsveven den dag i dag — gratis! I dag har eg plukka ut ei lita handfull med saker som eg har bite meg merke i.
Tag: Wikipedia
Kva betyr eigentleg namnet?
Har du nokongong lurt på kvifor Firefox har fått det namnet det har? Eller kvifor Apple kalla musikkspelaren sin for nettopp iPod og ikkje f.eks. TuneyTune?