Eg har tidlegare omtala enkelte «nettspel» der du til dømes kan teste kor god du er til å justere avstanden mellom teikna i eit ord. No har det dukka opp ei side der du kan utfordre deg sjølv i mange fleire slike grafiske «nettspel»: Games for Designers Enjoy!
Stikkord: kerning
Luke 24: God jul!
Det er julaftan. Dagen for glede, familiesamhold og gåver. Mykje gåver. Eg grubla lenge over kva som skulle vere årets julekalendergåve bak luke 24, og må innrømme at tanken har slått meg: Vil folk synes det er ei god gåve på ein vev‑, design- og typografiblogg det eg har å gje i dag? Opne og døm sjølv!