Det lyser i stille grender?

Etter det eg hugsar, er det lenge sidan eg sist er i slik julestemn­ing som no, og «såpass lenge» før julaf­ta. Det kan ha med julelysa rundt omkring å gjere, med jule­han­de­len, jule­bor­da — ja, det kan vera så myk­je. Men det må nok vera det at me i år er to som føre­bur jula med julekalen­der og at det er komen julepynt i heimen. Jule­treet hos meg ute­blir nok i år, sidan me skal reise vekk heile juleve­ka, og lenger.