Stikkord: iskrem

  • Godt nytt år?

    No er det kanskje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. januar, men seier det likevel. Dog, korleis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle verta kvitt problema dei på ein eller annan måte har rota seg borti? Vert søkjefunksjonen i OS X Leopard betre? Vil eg venna meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avsluttar telefonsamtalar? Vil verda verta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virkeleg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?