Stikkord: Hardangerjøkulen

  • Skiseiling på Finse med DNT-Ung

    Finse var plassen å vere no i helga (13.-15. april). Vertfall for oss 12 som hadde meldt oss på DNT Bergen Ungdomsgruppen sitt Skiseil- og kite-kurs. Etter eit kjapt introduksjonsmøte med resten av deltakarane var det tid for eit kort møte med instruktørane om sikkerhet og generell bruk av skiseil. Her fekk me vite korleis me skulle forholde oss til vind og ver, litt historie og visning av film som motivasjon.