Godt nytt år?

No er det kan­skje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. jan­u­ar, men seier det likev­el. Dog, kor­leis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle ver­ta kvitt prob­le­ma dei på ein eller annan måte har rota seg bor­ti? Vert søk­je­funksjo­nen i OS X Leop­ard betre? Vil eg ven­na meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avs­lut­tar tele­fon­sam­ta­lar? Vil ver­da ver­ta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virke­leg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?