Stikkord: morgonstemning

  • Morgonstemning har gull i munn

    Som alle andre norske ungdommar, stod eg i går opp über tidleg, nærare bestemt klokka 07.24. Tok på meg godt med klede (det var fint med utruleg kaldt ute), putta øyrepluggane frå iPoden inn i øyro, flekka med meg EOS'en min, og vandra til bussen. Vel framme i sentrum gjekk eg rundt og fanga inn den folketomme byen via linsa på kameraet. Resultatet av mi ferd kan sjåast over eller i fotoalbumet (trykk deretter på biletet for å sjå fleire...) mitt. Enjoy.