Kjenner du til små føretak?

«Using Social Media for Small Business» av Dean Meyers (frå flickr)

Eg pønsker på å skrive eit innlegg som omhandlar små (enkeltmanns)føretak i Noreg som driv innan grafisk design og design på nett. Fint om du kunne ha hjulpe meg med å finne mange av desse ved å skrive inn namn på føretak og nettsida/twitter-kontoen til føretaket. Kanskje du driv ein sjølv?

Når eg kjem til å publisere saka er jo alltid like ukjent, men eg håpar eg skal få det til innan rimeleg kort tid. På førehand takk!