Korleis lage brush til Photoshop

Her skal eg gjere eitt forsøk på å guide deg gjennom korleis du kan lage brusher til Photoshop.

Først og fremst må du ha eit bilete som utgangspunkt. I denne veiledninga tar eg utgangspunkt i eit tomt dokument på 100 x 100px. Du kan også opne eit ekisterende bilete og jobbe ut i frå det. Men du må hugse å ha satt Color Mode til Grayscale før du lager dokumentet. Det samme om du jobber utifrå eit eksisterande bilete; Du må då gjere det om til gråtoner (Velg fra menyen: Image > ModeGrayscale).

Her har eg teikna eit fly (oooh, så fint!) som eg vil at skal bli ein brush.

Når du føler deg ferdig med ditt skaparverk, er det på tide å lage det om til ein brush du kan bruke. Det første du då må gjere er å gå til menyen Edit > Define Brush Preset (sjå bilete).

Siste del av prosessen er snart over. Alt du no treng å gjere, er å definere namn på brushen, og trykke OK. Voilá !

Den skal no liggje i pensel-menyen din klar til bruk.