Skriv ei verdsnyhend på null komma niks

Er du full av ord, men manglar ein blogg å skrive det på? Her er løysinga!

Throwww

Manglar du ein eigen blogg, eller ikkje vil opprette ein, men er ein som elskar å skrive og vil fortelle det fortare enn svint til folk? Her er løysinga til deg!

Kast deg ut i det

Throwww-skriv Blanke ark manglar fargestiftar!

Tenesta har namn Throwww, og du bør sporenstreks bokmerke denne om du fell i katogorien nemnt over. Alt som skal til er å gå inn på www.throwww.com og kaste deg i gong med skrivinga.

Skriv i veg!

Straks du skriv nokre ord kjem det opp ei verktyline som du kan formatere teksten din, setje inn bileter og oppretter lenkjer.

Del med andre

Når du føler du er nøgd med meisterverket ditt, er det berre til å publisere til heile verda. Du kan velje om du vil publisere anonymt, eller merke det med Twitter-brukaren din. Gjer du det via sistnemnte kan folk sjå ein oversikt over alle dine innlegg, i tillegg til å fylgje dine framtidige verdsnyhende. Deretter er det berre til å dele lenkja med dei du måtte ynskje. Enklare vert det ikkje!

Send ut ei verdsnyhend utan ekstra kaloriar på Throwww du òg!

PS: Her kan du forresten sjå mitt testinnlegg på bloggtenesta.

 

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.