Knask på ein fredag: April

Nok ein månad lukkar straks att døra. Det betyr at det er tid for knask på ein fredag her på bloggen! Dersom du undrar på korleis dyra et måltida sine, ja då kan noko av innhaldet vera særs matnyttig!

Heilt hyper!

Du har nok nytta street view-funksjonen i Google si kartteneste, men har du førestilt deg at det kan lagast heilt hyper kunst ut av det? Det har i alle fall gjengen i Teehan+Lax Labs gjort. Dei har laga noko finurlege små kodesnuttar som gjer vanleg kart om til filmsnuttar som nyttar bileta teke til Street view-utgåva. Prøv ut sjølv på nettsida Google Street View Hyperlapse, eller sjå deira eigen video over!

Steve Jobs

Rememberum

Nettstaden Rememberum er ein nettstad kor folk kan lage og leggje ut ei digital minnebok om sine kjære som har gått bort. Mange kjenner nok til Apple-gründer Steve Jobs og at han gjekk bort i 2001. I etterkant av hans død er det mange som vil heidra karen på sin spesielle måte, deriblant Remeberum. Dei har lagt opp minneboka om Jobs som eit eldre MacOS der du kan navigere deg nedover og sjekke innom «applikasjonane» for viktige hendingar i hans liv. Fiffig!

Slik et dyra måltida sine

Eg lo. Nuff said!

God helg!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.