Endeleg ein felles standard?

Det å lage nettsider i dag kan vera eit aldri så lite mareritt når det kjem til kompabilitet på tvers av alle operativsystem og nettlesarar. No derimot, ser det ut til at det kanskje kan verta enklare med ressursnettstaden Web Platform

Dei store innan IT-verda har no gått saman om å skape eit arkiv av gode ressursar for utviklarar. Apple, Facebook, Google og Microsoft med fleire, skal gjennom nettstaden Web Platform presentera siste nytt innan CSS3, HTML og andre relevante standarder til nettbruk.

The Next Web kan rapportere, via W3C, at nettsida òg vil innehalde status for utviklinga av nye standarder og nettlesarstønadar:

According to the W3C, the website will also display the status of a particular technology’s standardisation and cross-browser implementation.

Det store spørsmålet er om me no nærmar oss ein felles standard slik at me slepp å lage 20 versjonar av same side for at dei skal virke i alle nettlesarar… Sida er førebels i alfa, men bør absolutt verta bokmerka!

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.