Knask på ein fredag: April

Påska er forlengst over og dei fleste av oss har nok ein gong byrja om att med nyårsfortsetta. Sidan du mest sannsynleg er proppa av frisk luft etter turar i skog, mark og fjell kan det kanskje vere godt å bla gjennom digitalt knask på ein fredag!

Etter nokre månader med heller laber mengde innhald i knaska mine kan eg stolt visa fram litt meir knask denne fredagen. Håpar det fell i smak, og god helg!

La oss illustrere litt fakta frå verda

Me startar fredagen med litt fakta frå den digitale verda: Kvart sekund vert det lasta opp ein time med video til tenesta YouTube. Korleis viser ein dette best grafisk? Jo, akkurat slik det vert gjort på denne sida, One Hour per Second. Her får du også andre fakta frå verda, basert på intervallar på så og så mange sekund.

Godsaker!

Er du oppteken av nips, design og fiffige saker? Då er sida til Ishac Bertran verdt å leggje til bokmerka dine! På sida presenterar industri-ingeniør-designer-innovatøren diverse saker og ting han har produsert, studerar eller held på å utvikle. Sjekk blant anna ut den vesle trykkpressa han har laga i videoen under. Me like!

Kva er «design», sånn eigentleg?

Er det ein logo, eit WordPress-tema eller rett og slett innovativt brukargrensesnitt? Eg har ikkje eit fullstendig svar på det, men Wells Riley bak nettsida Startups, this is how design works tek opp temaet og forklarar deg i detalj kva ein ser på som (godt) design. Relativt nyttig for deg som ikkje er designer, men som anten har lyst å bli det, eller snusar på kva alt dette design-pratet handlar om.

Senk farten!

Nei, eg frontar ikkje ein kampanje frå Statens vegvesen, men tipsar deg som er designer/utviklar på veven om eit lite innstikk på din Mac: Slowy app. Last ned, installer og test nettsider ved forksjellige hastigheitar; Modem, breiare band eller fiber-hastighet. Niftig!

Har du lyst på besøk av Langbein?

Dersom du har ein uoppfylt draum om å besøke Disneyland (i Paris vel og merke) kan du no få Langbein på døra og han tek deg med dit i ein fei! I alle fall digitalt på denne sida. Skriv inn adressa di og han kjem!

Gratishaugen

Me betaler gjerne for ting me likar, men om me kan få det gratis vert me ekstra glade. Difor delar eg nye, og gratis knask til deg i dag:

Gratis ikon: Inventicons

Det er ei stund sidan sist eg presenterte ikoner for deg her i spalta for knask, men i dag er dei små delikate tilbake! Desse lekre ikona frå Inventicons er gratis til bruk både privat og kommersielt, og det er 200 av dei. Kan det bli betre? Neppe.

Gratis skrift: Tetra

Det er mykje arbeid som vert lagt ned i utvikling og design av ei skrift. Difor er det særs sjeldan ein får fine skrifter utan å betale ei krone. Ekstra kjekt er det då at FontFabric har gjort Tetra Free Font av Alexey Frolov tilgjengeleg heilt gratis her!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.