Ikkje frykt Internett!

Sjå for deg dette: Du tek ekstremt bra bileter, skapar banebrytande grafiske designperler eller rett og slett har lyst å vise det store vide Internettet at du kan skape ting. Utfordringa er at du ikkje tør. Kva gjer du?

Ventar du på at nevøen din skal få tid til å lage den, sidan han sa for to år sidan at han skulle? Altså, du gjer ikkje så mykje med det. Er du redd å skape noko på Internett på grunn av manglande kunnskapar?

Frykt ikkje! Den sjølvstendige illustratøren og skriftdesignaren Jessica Hische og utviklaren Russ Maschmeyer frå Facebook har nemleg sett saman ei nettside som skal hjelpe deg  med å kome deg på nett: Don’t Fear the Internet. Gjennom fleire steg får du ein kort innføring, gjennom video, tekst og lenkjer, i kva som er der ute, korleis ting fungerar og korleis du kan ta steget ut i denne fantastiske verda på eigenhand — og vise at du kan noko! Over ser du fyrste video som gir deg ein introduksjon til dette nyttige prosjektet.

Berre eit lite tips frå meg til deg på ein vanleg torsdag.

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.