Typografisk tips #1

I luka for dagen skal eg gi deg eit lite tips du kanskje kan dra nytte av i desse juletider. I dag skal me nemleg kikke nærare på noko så finurleg som linjefall og kor stor innverknad dette har på utsjånad og kor lesbart teksten vert.

Dette er kanskje ikkje det mest spennande tipset som finst der ute, men det er viktig å vite om. Sidan me er i julemodus kan eg komme med ein standard julehelsing og vise korleis den best kan setjast opp. Start med å sjå på avsnitta nedanfor:

Du ser fort kva for avsnitt som fungerer, eller? Ikkje? Her er to til:

No då? Ja? Flott! Dette er berre to raske eksempel, men det viktigaste er å få balanse og symmentri i linjene. I tillegg må du avgjere kor det er ein god stad å ha linjeskift. Funker det ikkje med same antall linjer gjer det ingenting å leggje til ei ekstra (sjå andre avsnitt i fyrste eksempel) for å gjere det mest lesbart. Eg likar ikkje å reklamere stort for andre julekalendere, men sjekk ut denne sida for eit eksempel komplett med overskrift og undertekst (øverst i det blå feltet).

Om du ikkje allereie har gjort det, er det kanskje på tide å lage klart det perfekte julekort? Benytt deg gjerne av tipset i luka i dag!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.